Tyskelevar frå Bryne best i landetTre elevar frå skulen har vunne landsfinalen i konkurransen International Language Competition 2021. Publisert 16.04.2021 09.07 Sist endra 05.08.2023 19.39 Tyskelevane Julianna Zofia Jaworska (2STB) og Ingeborg Undheim Gundersen (1STB) vann i kategorien Tysk som framandspråk. Ingeborg Undheim Gundersen og Julianna Zofia Jaworska Julia Holen (1STF) vann finalen i kategorien Tysk som morsmål i same konkurransen. Julia Holen International Language Competition er den største språkkonkurransen i landet. Målet med konkurransen er å få elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular til å bli meir interesserte i språk. Me er stolte av både dei dyktige elevane og tysklæraren deira, Liv Randi Øvrelid. Gratulerer så mykje til alle saman!