Unntak frå fråværsgrensa i samband med koronaviruset

FHI/CDC, Alissa Eckert    

Ut skuleåret vil elevar som har fråvær av helsegrunnar, sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet.

Dette fordi helsepersonell må prioritere anna arbeid, mellom anna med koronaviruset.

Helsedirektoratet ber om at elevar ikkje oppsøker fastlegen for å få dokumentasjon på fråvær av helsemessige grunner. 

I staden skal fråvær varslast slik:

  1. Elevar under 18 år: Føresette varsler kontaktlærar innan kl 08.00 på sms eller mail den dagen eleven er sjuk.
  2. Elevar over 18 år: Elevar varsler kontaktlærer innan kl 08.00 på sms eller mail den dagen eleven er sjuk.

Fråværsgrensa gjeld enno, og det skal varslast som før. Skilnaden er at no må føresette dokumentere for dei under 18 og elevane sjølv dersom dei er over 18 år.

Elevar som ikke overheld denne rutina får ordensanmerkning og risikerer timefråvær i staden for heildagsfråvær.

Vi gjer merksam på at fraværet vert ført og viser på vitnemålet.