Vaksenopplæring og læreplass

Når du skal skaffe deg læreplass er det fleire ting du må tenke på. 

Ansvar

Først av alt er det viktig å vera klar over at det er du som har ansvar for å skaffe deg læreplass.

Søk læreplass

Du bør søke på minst 10 læreplassar før påske. I tillegg kan det vera lurt å bruke YFF-faget til å skaffe deg gode referansar og gode kontaktar.

Søk formidling

Registrer deg for formidling til lære slik at bedriftene ser at du er klar til å teikne lærekontrakt. Dette gjer du ved å logge deg på VIGO. 

Her finn du meir informasjon om korleis du søker i VIGO (PDF, 2 MB)

Når du har søkt formidling til lære, så har alle som har vaksenrett rett til VG3 i skule dersom dei ikkje får læreplass i bedrift.

Kor kan du finne læreplasser?

Du vil finne oversikt over ledige læreplassar på heimesida til kommunane.

CV og søknad

Skriv kvifor du har valgt faget og kvifor du søker læreplass. Ta gjerne med kva du har gjort i faget YFF.

Legg ved ein CV med informasjon om bakgrunnen din, skulegang, arbeidserfaring, hobbyar og interesser.

Hugs å legg ved attestar og referansar frå utplasseringsbedrifter (YFF) og eventuelt frå andre jobbar du har hatt.

Intervju

Når du blir innkalt til intervju, betyr det at bedrifta kan vera interessert i å ha deg som lærling. No er det opp til deg å gjera det beste for at dei skal velge deg.

Førebu deg til intervju ved å øve på å fortelle litt om deg sjølv, interessene dine og eventuell jobbar du har hatt. 

Gå gjerne inn på nettsida til bedrifta og les. Førebu gjerne spørsmål om bedrifta, det viser interesse og initiativ. 

Ta med kopi av dokumentasjon som ikkje er lagt ved søknaden til intervjuet. 

Hjelp frå andre

Av og til treng vi litt hjelp for å kome i mål. Faglærar kan hjelpe deg med tips om bedrifter du kan søke læreplass hos, og norsklæraren din kan hjelpe deg med å skrive CV.  Dersom du er i tiltak hos Nav kan veilederen din der hjelpe deg med å få ein praksisplass. 

Det er også mogleg å ta kontakt med rådgjevar, men det er viktig at du har gjort det du kan sjølv. 
Hugs at det er du som må drive prosessen og ta ansvar.  Du er sjef i ditt eige liv!