Vaksinering av elevar 26. august og 2. september

 

Smittevernkontoret har sett av tid til å vaksinere alle elevar under 18 år dei to neste torsdagane.

Vaksineringa skjer i Timehallen, og de kan gå frå skulen 5 minutt før de ska møte.

Alle som skal vaksinerast må fylle ut eigenerklæringsskjema. Elevar under 16 år må ha signatur frå begge føresette på eit eige skjema (DOCX, 26 kB)

Det er frivillig å vaksinere seg. Dei som ikkje vil, sit att i klasserommet.

Det vil bli laga ei liste over når dei ulike klassane skal møte.

Etter at du har fått vaksinen, må du vente 20 minutt i lokalet.

Du må ha på deg munnbind når du skal vaksinerast. Viss du ikkje har munnbind, kan du hente dette dagen før i Informasjonen på skulen.

Her finn du meir informasjon om vaksinen og om eventuelle biverknadar.

Informasjon om vaksine