Valdebatt og skuleval

 

 

I løpet av to dagar har ungdomspolitikarar møtt kvarandre til debatt i Storstova. Elevar får Bryne vgs. har fått bruke debatten og valtorget i etterkant til å orientere seg i politiske emne.

  

 

I løpet av debatten var miljøtiltak, klima, oljeleiting, fritt skuleval, psykisk helse, fattigdom og skattelette noko av det dei kom inn på. Viktige saker for partia, men dei la ikkje skjul på at dei var ueinig i løysingane. Ungdomspolitikarar er tydelegvis glad i spissformuleringar, og nokre la fram synspunta sine med tydeleg brodd til dei partia dei er minst einige med. Dei fekk også spørsmål frå salen som dei fekk bryne seg på. Elevane stilte mellom anna spørsmål om miljøtiltak, abortlova, transporttilbod og skule. Etter debatten hadde elevane høve til å stille spørsmål direkte til ungdomspolitikarane på valtorget i og utanfor Storstova. Fleire hadde starta arbeidet med spørsmål i skuletimane.

 

  

 

Tysdag 7. september har det vore skuleval på skulen. No var det elevane sin tur til å seie si meining om kven dei synest skal styre landet. Dette er ei god øving, både for førstegongsveljarane og for elevane som ikkje får stemme før ved neste val, i korleis eit val går føre seg.

Oppteljinga etter valet viser at Høgre vart det største partiet på skulen med 259 stemmer. Arbeiderpartiet vart nest størst med 234 stemmer, medan Framstegspartiet fekk 226 stemmer. Senterpartiet på  fjerde plass fekk 82 stemmer.