Velkommen til friminuttsaktivitetar!

 

I veke 36 starter vi med friminuttsaktivitetar i matfriminutta.

Turid, som er miljøterapeut på skulen, vil vere med og organisere aktivitetane måndag, tysdag og torsdag.

  

Sjølv om det er sett av tid til dei ulike aktivitetane bestemde dagar, er det gildt viss de strikker, speler gitar eller speler spel i dei andre matfriminutta også. 

Lesesirkel

Måndag, tysdag og torsdag vil det bli lesesirkel. Den første boka me skal lese er "Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen". De les i boka og diskuterer den etterkvart. Lesesirkelen vil vere i grupperom rett utføre biblioteket i A-bygget. Det vil henge lapp på døra.

To elever som speler gitar - Klikk for stort bilete 

Gitargruppe

Torsdag: Me har 4 akustiske gitarar som kan lånast til samspel på grupperom ved sida av biblioteket i A-bygget. Det vil henge lapp på døra. Dette tilbodet kan utvidast til fleire dagar. Det er mulig å få hjelp av lærar ved ønske/behov. Gitarane kan lånast på biblioteket dei andre dagane.

Sjakk, brettspel og Uno

Måndag, tysdag og torsdag set me ut forskjellige brettspel, sjakk og Uno utføre biblioteket i A- bygget, og utføre kantina i B-bygget. Spel kan lånast på biblioteket i dei andre friminutta.

Ulike typer kortspel og brettspel - Klikk for stort bilete 

 

Filmklubb

Tysdag er det filmklubb i grupperom ved sida av biblioteket i A-bygget. Det vil henge lapp på døra. Dei som er med blir enige om å sjå ein film heime frå veke til veke, og diskuterer den i etterkant i filmklubben.

Neste film er Matrix 3. Sjå filmen, og bli med i diskusjonen tysdag 3. november.

Skulen spanderer kino 4 gonger i året på dei som deltek fast.

Teikneserieklubb

Måndag er det teikneserieklubb for deg som liker å lese teikneseriar. Møt opp i grupperom ved sida av biblioteket. Det vil henge lapp på døra. Me snakkes om kva slag teikneseriar du liker å lese, så kan me bestille inn det som kjem fram som ønske.

Strikkeklubb

Måndag er Evy med, og torsdag er Turid med i strikkeklubben. Me sit i sofakroken i biblioteket. Ta med deg eige strikketøy viss du vil det. Skulen har kjøpt inn garn til skjerf, luer, panneband og sokkar, som du kan få hjelp til å lære å strikke.

Bordtennis

Det er bordtennisbord i alle 3 bygga.

 

Vi håper det er mange som vil kome og vere med på aktivitetene.

Ta gjerne kontakt med Turid på mail hvis du lurer på noko.