Viktig melding om fråvær til alle elevar og føresette

Etter at fråværsgrensa vart oppheva, ser me at somme har så høgt fråvær at me ikkje kan setje karakter. Me minner om at de kan kome på skulen dersom de ved snufsing tek hurtigtest og den er negativ.

Lærarane legg til rette for ei oppsamlingsøkt, men utover det har me ikkje kapasitet til å arrangere nye vurderingar. Faglærar har også høve til ikkje å tilby ny vurdering, dersom han meiner at han har vurderingsgrunnlag. Dette er ei vurdering faglærar gjer. Me er gjort kjende med at fleire ikkje har tenkt på at dei kan ta hurtigtest, og difor gjer me merksame på det ein gong til no.

Beste helsing rektor