Vil du bli betongarbeidar eller murar og flisleggjar?

13. mars 2023 starter eit nytt utdanningstilbod på Bryne vidaregåande skule. Vi følger deg opp i fire år, gjennom skulefag og læretid, heilt til fagprøven. Utdanninga er tilrettelagd for deg som ikkje har norsk som morsmål.

Dei to første åra vil du få opplæring på skule og i bedrift. Frå det tredje året vil du vere lærling og mest i bedrift, men ein lærar frå skulen vil følge deg opp då også, og du vil få litt opplæring fra skulen.

 

Utdanninga er for deg som:

• Er mellom 25 – 45+ år.

• Har fullført grunnskule i Norge eller utlandet.

• Har gode nok norskkunnskaper til å følge undervisninga.

• Er interessert og motivert for å arbeide med betong eller mur og flis.

• Har engelskkunnskaper tilsvarande norsk grunnskulenivå. 

• Har gyldig permanent opphaldstillating / arbeidstillating. 

• Bur i Sør-Rogaland.

• Har fysisk helse til å kunne arbeide innan faget. 
 

Personar med fluktbakgrunn vil bli prioritert.

Slik søker du

Høyrest dette interessant ut? Då kan du melde deg på eit uforpliktande informasjonsmøte.

Meld deg på informasjonsmøte om betong, murer og flisleggerfaget