VIS - skuleadministrativt system

Visma InSchool (VIS) er det skuleadministrative systemet ved alle vidaregåande skular i Rogaland. VIS blir tilgjengeleg for elevar og føresette ved skulestart. 

Målet med VIS er å legge til rette for å møte skulen sitt framtidige behov ved å: 

  • fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen 
  • legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen 
  • digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt 
  • gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på 

VIS blir etter kvart tatt i bruk av alle fylkeskommunane i landet. 

Tilgang for elevar 

Ved skulestart får nye elevar ein SMS med informasjon om å aktivere sin brukar. Denne brukaren gir tilgang til ulike tenester som skulen bruker. Vg2/vg3-elevar har same brukarkonto som i fjor.

Alle elevane vil få meir informasjon og opplæring ved skulestart.

 

 

Tilgang for føresette 

Føresette til elevar under 18 år vil få tilgang til kontaktopplysningar, fråvær, læreplanar og timeplan i VIS. Skulen vil gi informasjon om kor tid det vil bli opna opp for pålogging.

Føresette bruker ID-porten for å logge seg på VIS.  

Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringa

VIS i Rogaland

 

 

Til toppen