Vurderer du å klage på eksamenskarakter(ar)?

Rådfør deg med faglærar først, dersom det er praktisk mogleg. Læraren kan eventuelt få sjå eksamenssvaret ditt her på skulen.

Kandidatar som ønsker rask behandling av klagar i dei faga der det er mogleg, må rekne med å få ein forkorta klagefrist.

Skriftleg melding

For at klagene i desse faga skal kunne behandlast i samband med hurtigklage-behandlinga, må skulen ha skriftleg melding om klagen innan kl 10.00 måndag 26.06.23. Dette gjeld for dei som vil ha resultatet av klagen tidsnok til å kome med i årets opptak til høgskular/universitet. Klagen skal sendast til e-postadressa: bryne-vgs@skole.rogfk.no. Klagen skal innehalde: Namn, kandidatnr, fagkode og fagnamn.

Hurtigklagebehandlinga skal bli gjennomført i veke 26 for alle fag.

Fag som kan bli behandla som hurtigklage

Klagar i følgande fag frå studieførebuande utdanningsprogram og fellesfag våren 2023 kan bli behandla som hurtigklage:
norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskingslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære 2, engelsk, tysk, fransk, spansk, rettslære, samfunnsøkonomi, marknadsføring og leiing, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, økonomistyring, økonomi og leiing, historie og filosofi, reiseliv og språk, psykologi, mediesamfunnet 3.

Statsforvaltaren må ha kvalifiserte sensorar til klagebehandlinga i faget for at det skal vera mogleg å nytte hurtigklage. Kva fag som har tilbod om hurtigklage kan endre seg frå år til år.

Ordinær klagefrist

Klagar i alle dei andre faga i alle utdanningsprogramm, og klagar frå eksaminantar som ikkje rekk den forkorta klagefristen i fag som er nemnde, er 10 dagar frå torsdag 22.06.23, dvs. innan kl 12.00 måndag 03.07.23.

Resultat av klagebehandlinga
 

Alle klagar skal vera ferdig behandla innan 10.09.23. Klagaren vil få resultatet tilsendt i posten.