Ordensreglement

Ordensreglementet skal bidra til å fremje ein skulekultur som er prega av godt samarbeid, tryggleik, trivsel og respekt elevane imellom, og mellom elevane og dei tilsette på skulane.

Ordensreglement - bokmål

Ordensreglement - nynorsk

Reglementet inneheld felles reglar for orden og åtferd for elevane, reglar om kva verkemiddel og sanksjonar som kan bli brukt mot elevar som bryt desse reglane, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal bli behandla (saksbehandlingsreglar).

Ordensreglementet gjeld også for vaksenopplæringssenter og skular som tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne så langt det passar.