Lærebøker

Alle elevar på vidaregåande skule har rett til å låne lærebøker. På Bryne vgs. er det biblioteket som har ansvar for lærebokutlånet. 

Avtaleskjema

Alle som skal låne bøker, må fylle ut og signere eit avtaleskjema (PDF, 99 kB). Er du under 18 år, må du ha signatur frå foreldre/føresette. 

Skal du gå på vaksenopplæring, er det dette skjemaet du skal fylle ut (PDF, 95 kB).

Ta vare på bøkene dine

Kvar bok har ein unik strekkode, og denne strekkoden vert registrert i eit utlånssystem. Det er viktig at bøkene som vert lånt ut til deg, er dei bøkene du leverer tilbake. Pass på at du ikkje byter bok med medelevar utan å registrere dette på biblioteket. 

Skriv namn, klasse og skoleår inni boka og ta på bokbind. Då er det lettare å ta godt vare på boka, og du kjenner lett igjen eigne bøker. 

Legg aldri bøkene i skap utan å låse skapet, og få alltid bøkene dine med deg frå klasserommet og fellesområde. 

Har du fått utdelt bøker som er øydelagt, eller som blir øydelagt i løpet av skuleåret, ta kontakt med biblioteket så snart som mogleg, sår reparerer me eller du får byte bok.

Innlevering

Bøkene må leverast innan fristen som er siste skuledag før sommaren. Skulen tek ikkje i mot bøker etter frist for innlevering. Elevar som ikkje leverer innan fristen, må betale for bøkene.

Utlånt til privatistar

Privatistar som skal ta privatisteksamen på Bryne vgs. får låne bøker så lenge skulen har bøker på lager. 

Ta kontakt med biblioteket dersom det er noko du lurer på.