Fråværsreglement

I vidaregåande skule er det ein regel om fråværsgrense.

Orientering om fråværsregelen

I vidaregåande er det fråværsgrense på 10 % udokumentert fråvær i kvart fag (altså opp til 10,99 %). Har du meir udokumentert fråvær enn dette, risikerer du å ikkje få karakter i faga det gjeld. 

Du mottek normalt varsel ved 5-8 % fråvær i eit fag. Dette kjem i VIS.

Om fråværet er dokumentert eller ikkje, har altså noko å sei for om du får karakter i faga. I tillegg vil fråvær telle inn på ordenskarakter. Det er difor viktig at du gir beskjed til kontaktlærar om fråværet ditt (uansett om det er dokumentert eller ikkje) så snart du veit om det. Gir du ikkje beskjed, får du ordensmerknad. Mange ordensmerknader fører til nedsatt ordenskarakter.

Du har plikt til å følge med i VIS for å avdekke eventuelle feil. Ta kontakt med kontaktlærer ved feil.  

Sjå på tabellen nedst på sida for oversikt over kva du skal gjera i dei enkelte situasjonane, og kva som tel som dokumentert fråvær og ikkje.

Planlagt fråvær

Dersom du planlegg eit fråvær og vil søkje om godkjenning av dokumentasjon, skal du søke i Visma under fråvær og framtidig fråvær.

Godkjent dokumentasjon

Godkjent dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkunnig i form av brev eller e-post.

SMS kan brukast som dokumentasjon, men det må vise namn, dato og klokkeslett i meldinga. Er innkallinga uten namn, må SMS visas fysisk til faglærar/ kontaktlærar.  

Prosedyre

Skulane skal følgje ein bestemt prosedyre dersom ein elev sitt fråvær nærmar seg fråværsgrensa og dersom det skal fattast vedtak om å ikkje gje karakter.

Du finn meir informasjon i Fraværsgrense Udir-3-2016 og Retningslinjer for håndtering av fravær.

I spesielle tilfelle kan rektor bestemme at ein elev som har gått over grensa på 10 prosent, og ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon, likevel skal kunne få halvårsvurdering. Søknad om karakter i fag ved overskriden fråværsgrense. (DOCX, 15 kB)

Fagfråvær for ei økt i ulike fag

Halvårsvurdering: Så mykje fagfråvær får du for ei økt:

2-timarsfag: ca. 5 %

3-timarsfag: ca. 3,4 %

4-timarsfag: ca. 2,6 %

5-timarsfag: ca. 2,2 %

Standpunkt: Så mykje fagfråvær får du for ei økt:

2-timarsfag: ca. 2,5 %

3-timarsfag: ca. 1,7 %

4-timarsfag: ca. 1,3 %

5-timarsfag: ca. 1,1 %

 

Oversikt over ulike typar fråvær

Oversikt over ulike typar fråvær
Årsak til fråvær Ditt ansvar Kva slags type fråvær Korleis registrere det i VIS
Du er hos helsesjukepleiar, rådgjevar, avdelingsleiar, elevrådsmøte eller annan instans på skulen Informer faglærar og vis eventuell dokumentasjon Skal ikkje telle på fagfråvær eller blir ført på vitnemålet. R: Rettighetsfråvær
Du er hos tannlege, lege, psykolog eller liknande og er vekke enkelttimar Vis dokumentasjon (for eksempel timebekreftelse) til faglærar eller kontaktlærar Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråvær, men blir ført på vitnemålet D: Dokumentert fråvær
Du har vanleg køyretime Gi beskjed til faglærar (og eventuelt kontaktlærar) Det tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet. M: Meldt fråvær
Du har ein av desse køyretimane: Sikkerheitskurs på bane (4t), landevegskøyring (5t), variert trafikkmiljø (4t) Gi beskjed til faglærar (og eventuelt kontaktlærar). Lever dokumentasjon Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråvær, men blir ført på vitnemålet. D: Dokumentert fråvær
Du er sjuk - utan legeerklæring Send melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværet Det tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet M: Meldt fråvær
Du er sjuk - med legeerklæring Send melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværet. Lever dokumentasjon til informasjonen når du er tilbake på skulen. Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråværet, men blir ført på vitnemålet D: Dokumentert fråvær
Du er sjuk med kronisk sykdom som du alt har levert legeerklæring på. Send melding til kontaktlærar så fort du veit om fråværet Dokumentert fråvær. Det tel ikkje på fagfråværet, men blir ført på vitnemålet. D: Dokumentert fråvær
Du kjem for seint meir enn 15 minutt Sei i frå til faglærar når du kjem til timen Det tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet. M: Meldt fråvær
Du er vekke utan å gi beskjed og utan nokon spesiell grunn, for eksempel forsoving eller skulk. Det tel som fagfråvær og blir ført på vitnemålet. X: Udokumentert fråvær
Til toppen