Søknad om fråvær som er unntatt fråværsgrensa
Har du hatt eller planlegg du fråvær som er unntatt frå fråværsgrensa eller ikkje skal førast på vitnemålet, kan du søke om dette.
Skal du søke om førehandsgodkjenning for planlagt fråvær? Har du hatt fråvær som du meiner ikkje skal førast på vitnemålet, kan du søke om dette i VIS.
Skal du søke om avtalt studiearbeid ved fråvær kan du søke ved å fylle ut dette skjemaet: SØKNAD OM TID TIL ORGANISERT STUDIEARBEID ELLER SKULEADMINISTRATIVE GJEREMÅL (DOCX, 31 kB)
Søknad i karakter i fag med overskriden fråværsgrense
I vidaregåande er det fråværsgrense på 10 % udokumentert fråvær i kvart fag (altså opp til 10,99 %). Har du meir udokumentert fråvær enn dette, risikerer du å ikkje få karakter i faga det gjeld.
I spesielle tilfelle kan rektor bestemme at ein elev som har gått over grensa på 10 prosent, og ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon, likevel skal kunne få halvårsvurdering. Dersom du treng å søke om karakter i fag der du har for mykje udokumentert fråvær kan du søke ved å bruke dette skjemaet: Søknad om karakter i fag ved overskriden fråværsgrense. (DOCX, 15 kB)