Skulemiljø

Gruppe med elevar som tømer vatn frå ei bøtte i eit røyr - Klikk for stort bilete  
 

 

 

På Bryne vidaregåande skule er me opptekne av at alle skal ha ein trygg og god skuledag.

Me har nulltoleranse for mobbing og krenkingar. 

Ønskjer du meir informasjon om korleis skolen arbeider mot mobbing, kan du lese handlingsplanen vår for eit godt skulemiljø her (DOCX, 130 kB).

Dersom du som elev opplever å verte mobba sjølv, eller ser at andre blir det, er det viktig at du gir beskjed med ein gong. 

Dette kan du gjere til kontaktlærar, rådgjevar, avdelingsleiar eller rektor. 

Du som føresett er også velkommen til å ta kontakt viss du mistenker at ungdommen din ikkje har det bra på skulen.