Bygg- og anleggsteknikkDette utdanningsprogrammet passer for deg som ønskjer ei fagutdanning i eit av faga innafor bygg- og anleggsteknikk. Det kan vere tømrar, murar, stillasarbeidar, betongarbeidar, røyrleggjar, malar, feiar eller blikkenslagar. Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk? Du lærer produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg om klima og teknologi om bruk av teikningar, skildringar og utrekningar om kvalitet og tryggleik materialkunnskap Du bør vere praktisk og ha godt handlag sjølvstendig og nøyaktig god til å samarbeide Les meir om bygg og anleggsteknikk på vilbli.no Kvifor velje Bryne vidaregåande skule? Vi har engasjerte og dyktige lærarar, som legg vekt på å gi elevane ei opplæring og ein arbeidsmoral som arbeidslivet på Jæren set pris på. Vi har eit svært breitt fagtilbod. Vi tilbyr opplæring i godt utstyrde, topp moderne verkstader. Vi har tett samarbeid med næringa rundt oss. Søkje skule- og læreplass Første året - Vg1 Utdanninga til dei fleste yrka tek normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheita til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse. Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga. Fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fellesfag Timar per veke Naturfag 2 Matematikk 3 Engelsk 5 Kroppsøving 2 Totalt 12 Programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Programfag Timar per veke Arbeidsmiljø og produksjon 5 Teknologi og kommunikasjon 5 Yrkesutøvelse 7 Yrkesfagleg fordjuping 6 Totalt 23 Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Andre året - Vg2 Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på de utdanningsprogammet du har valt. Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga. Fellesfag, bygg- og anleggsteknikk Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 skuleåret 2021/22 Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 skuleåret 2021/22 Fellesfag Timar per veke Samfunnsfag 3 Norsk 4 Kroppsøving 2 Totalt 9 Programfag, bygg- og anleggsteknikk Vg2 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 Programfag Timar per veke Felles programfag for programområdet du har valt 17 Yrkesfagleg fordjuping 9 Totalt 26 Du kan velje mellom desse programområda: Betong og mur Røyrleggjar Tømrar Du finn meir informasjon om tilbodet på vilbli-sida til skulen. Tredje året - Vg3 Du blir normalt lærling og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og du kan ta fag- og svennebrev når du er ferdig med læretida. Bli lærling Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2. Vegen vidare Opplæringen fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Når du har fullført, kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning. Sist endra 06.02.2023 15.07