Idrettsfag

På idrettsfag møter du studieførebuande fag kombinert med praktisk idrettsfagleg opplæring. Her kan du kombinera enten toppidrett eller breddeidrett med teoretisk skulegang. Kvardagen byr på utfordringar og utvikling i eigen idrett, turar og friluftsliv, idrettsarrangement og ekskursjonar. 

Kvifor velje idrettsfag?

Du lærer

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsleiing
  • om helse, kosthald og oppbygginga av kroppen
  • teoretiske fag

 

Søknadsskjema for godkjenning av tilleggspoeng - søknadsfrist 01.04. (PDF, 219 kB)

Du bør vere

  • interessert i helse og fysisk aktivitet
  • innstilt på trening kvar dag, i og utanfor skoletida
  • god i éin eller fleire idrettar

Les meir om idrettsfag på vilbli.no

Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?

Vi legg til rette for fag som krevst for opptak til teknologistudiar: moglege fagval for idrettsfag.

Lærarane på toppidrett har høg trenarutdanning i tillegg til pedagogisk utdanning.

Søkje skuleplass

Første året - Vg1 

Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk og kva type matematikk du ønskjer.

Det er 35 timar undervisning i veka og 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag. I programfaga er sju timar faste porgramfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen.

Andre året - Vg2

På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg1. 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag.. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Tredje året - Vg3

På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2. . 

Det er 35 timar undervisning i veka, og 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen. 

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet. 

Hugs at nokre studiar kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.  

Utdanningsprogrammet gir òg grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. 

Du finn søknadsfristar og -krav på samordnaopptak.no