Sal, service og reiseliv

Ønskjer du å jobbe i butikk eller starte eiga bedrift? Eller fristar jobben som vektar eller resepsjonist? Då kan utdanningsprogrammet sal, service og reiseliv passe for deg.  

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Du lærer

  • kundebehandling og sal
  • administrasjon og digitale verktøy
  • økonomisk og berekraftig drift
  • om entreprenørskap
  • om reiseliv og turisme
  • planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak

Du bør vere

  • høflig og serviceinnstilt
  • interessert i å kommunisere med menneske
  • open for ulike kulturar og tradisjonar
  • organisert, ryddig og strukturert

Les meir om sal, service og reiseliv på vilbli.no

Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?

Vi har engasjerte og dyktige lærarar som vil gje elevene ein god overgang til læreplass og fagbrev eller vidare studie.

Vi samarbeider tett med opplæringskontor, lokalt næringsliv og ulike organisasjonar som til dømes Ungt Entreprenørskap.

Vi deltek på Entreprenørskapsdagen.

Vi gir deg sjansen til å «prøve arbeidslivet» gjennom praksisperiodar eller fast praksis. Til næringslivet seier vi: «prøv ein lærling»
 

Søkje skule- og læreplass

Første året - Vg1 

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Vg1

Andre året - Vg2

Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finnst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Vg2

Tredje året - Vg3

Du blir normalt lærling og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan du ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.

Til toppen