Vi har seks parallelle klassar innan studiespesialiserande programområde på kvart trinn. Med så mange elevplassar, har me eit svært breitt fagtilbod.
Vi held til i nye bygg med vindturbinar, solfangarar og solceller på taket. Dette blir nytta i undervisninga, og elevane får difor sjå korleis slike anlegg fungerer i praksis. Skulen har store, fine laboratorium og andre undervisningslokale.
Vi har ekskursjonar i lokalmiljøet, og kvart år prøver vi å legge inn ulike studieturar i faga.
Vi arrangerer Litla-Stortinget kvar år.
Elevar på Vg1 får sjansen til å delta på Mini-FN.
Skulen er til ei kvar tid involvert i fleire internasjonaliseringsprosjekt som elevane kan vera med på.