Kvalifiseringssenteret

Målet med Kvalifiseringssenteret er å hjelpe kvar einskild av ungdommane til ei utdanning eller jobb. Saman skal me finne vegen vidare, og me ønskjer å rettleie deg mot måla dine.

Tilsette på Kvalifiseringssenteret: Geir Bjelland, Tommy Thidesen, Siri Kvia og Kai Daniel Lie

 

Me held til på Bryne vgs. fordi her har me gode moglegheiter for samarbeid, både på skulen, og gjennom eit stort nettverk i bedrifter. Dette kan hjelpe oss til å finne ein passande jobb, viss det er målet.

Mål:

  • Full opplæring i bedrift (Fagbrev, kompetansebevis)
  •  Ordinær jobb
  •  Studiekompetanse (Ta opp fag du manglar)
  •  Ordinær skule
  •  Vaksenopplæring

 

Forventningar til Kvalifiseringssenteret:

  • Alle skal føle seg velkomne og verdsette
  • Me jobber for at kvar einskild ungdom skal lukkast
  • Me skal lytte til ungdommane og legge til rette for kvar einskild sine behov
  • Gode relasjonar og godt humør

 

Forventningar til ungdommane:

  • Møt presis til avtalt tid
  • Hald avtalar, sei i frå viss noko oppstod
  • Ver snill og grei mot alle
  • Ta vare på kvarandre
  • Delta på oppsette aktivitetar og måltid, snakk gjerne med nokon
  • Rydd opp etter deg

 

Medieomtale:

Avissidene under er frå ein reportasje om Kvalifiseringssenteret i Stavanger Aftenblad 10. januar 25:

Frå reportasje i Stavanger Aftenblad 10. januar 2025 Anders Minge, Stavanger Aftenblad

 

Anders Minge, Stavanger Aftenblad

 

Anders Minge, Stavanger Aftenblad

 

 

Side 4 (PDF, 2 MB) Side 5  (PDF, 2 MB) Side 6 (PDF, 2 MB) Side 7  (PDF, 882 kB)