Spesialundervisning i lita gruppe, organiseringsform Arbeidstrening

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosial kompetanse. Desse elevane har behov for tilrettelegging utover det som dei kan få i ordinære klassar. Elevane har generelle, samansette og spesifikke lærevanskar og har difor behov for opplæring i grupper med redusert elevtal.

Opplæringa er retta mot trening på daglege gjeremål og arbeidstrening som førebur til tilrettelagt arbeid eller deler av arbeid i ordinær bedrift. 

Opplæringa skil seg frå ordinær opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Sluttkompetanse er grunnkompetanse med kompetansebevis som dokumenterer opplæringa eleven har fått i vidaregåande skule. Skulen utarbeider individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde eleven. 

 

Målsetting

Målsettinga med denne opplæringa er å bidra til at eleven får eit verdifullt liv saman med andre, samt gje sjansen til å byggje relasjonar og nettverk. 

Elevane skal etter avslutta skulegang kunne gå over i tilrettelagt arbeid med bistand. Nokre av elevane kan ha føresetnader for å delta i ordinært arbeid. 

Organisering i ulike programområde

Elevane er organiserte i grupper utifrå ulike programområde. Skuleåret 2020/2021 er det to elevgrupper som har programfaget restaurant- og matfag, medan to grupper er tilknytta programfaget service-, samferdsel og reiseliv. Den siste elevgruppa høyrer til programfaget design og handverk. I tillegg er ein del elevar utplasserte i arbeidslivet (praktisk yrkeserfaring).

 

Gruppestorleik

Gruppene består av 4 – 8 elever frå alle årskull.  Det enkelte faget avgjer kor mange elevar som er i kvar gruppe.

Rom 

Gruppene disponerer to klasserom, grupperom, verkstad, fellesrom, eige treningskjøkken og skulekantina sitt storhushaldningskjøkken 

Fag og timetal

Alle elevane på Arbeidstrening har fellesfaga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag kvar veke. Fellesfaga er kopla tett opp til  programfaget eleven har valt. Alle elevene har også to veketimar med kroppsøving. 

I tillegg til fellesfaga har elevane fire veketimar med ulike praktiske aktivitetar ut frå programfaga.  

Veketimetalet til eleven vil stå på eleven sin timeplan. Omfanget er anten 981 eller 842 årstimar.