Fare for busstreik og kva det betyr på Bryne vgs

Dersom det blir streik på måndag 28.september, vil undervisninga i all hovudsak foregå digitalt. Lærarar kan velje om dei vil gjennomføre digital undervising frå heimekontor eller på skulen. Elevar kan også velje om dei vil sitje i klasserommet og logge seg på digital undervising eller om dei loggar seg på heime. Alle yrkesfaglige utdanningsprogram med unnatak av helse- og oppvekstfag skal ha undervisinga på skulen. I teorifaga må de logge dykk på digital undervising frå eit rom på skulen dersom de ikkje rekk heim etter verkstadundervising. 

Dersom du, etter å ha prøvd mange løysingar, ikkje klarer å kome til programfagsundervisninga på yrkesfaglege utdanningsprogram, må du sende mail til avdelingsleiar og finne løysing saman.

Lærarar som har avtalt vurderingssituasjonar kan gjennomføre desse på skulen dersom alle elevane i klassen kan møte. Elevar skal gjere sitt ytste for å kunne kome til skulen i desse vurderingssituasjonane. Lærar avgjer kva form vurderingane skal ha dersom dei ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Alle som skal i praksis må møte der som avtalt. De må nytte helga til å førebu korleis de dykk der, anten ved å gå, sykle, be føresette eller vener køyre eller ta tog.

Alle må følgje med på skulens heimeside søndag kveld for oppdateringar. Dersom streiken vert avblåst, skal de kome på skulen måndag eller snarast råd etter at streiken er avblåst.

Fråvær vert registrert, men kjem ikkje på vitnemål.

 

Beste helsing rektor