Foreldremøte om fagval 6. desember Elevar på naturfagsrom Ane Undheim Måndag 6. desember kl 17.00 er det foreldremøte for dei som har elevar på Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram på Bryne vgs. Publisert 03.12.2021 09.28 Sist endra 05.08.2023 19.39 Temaet for møtet er fagvalet elevane skal gjere for neste skuleår. Dei må velje mellom Realfag og Språk, samfunnsfag, økonomi. Innan dei hovudområda kan dei velje ulike fag. I møtet vil det bli informasjon frå rådgjevar Tove Iren Lea, trinnansvarleg for Vg1, Randi Hadland og ansvarleg for fagvalet, Ole Martin Hillesund. Møtet skal vere i auditorium A2040. Du kan også følge møtet via Teams. Bruk denne lenka for å bli med i Teams-møtet kl 17:00-18:00: Klikk her for å delta i møtet Her finn du presentasjonen, som vart brukt i møtet: Presentasjon fagvalg des 2021 (PPTX, 9 MB)