Informasjon frå rektor

Informasjonen blir oppdatert

Onsdag 26. mars:

Kjære alle som høyrer til på Bryne vgs

Eg set umåteleg stor pris på arbeidet både elevar og tilsette har gjort i tida skulen har vore stengt. Eg håpar me ser slutten på dette når 13.april kjem og at me får treffast att på skulen. Utan unntak har alle vore proaktive og løyst situasjonar på gode og konstruktive måtar. De som har hatt vanskar har kontakta skulens rådgjevarar eller kontaktlærar og fått rettleiing der. No vart skriftleg eksamen avlyst. Likevel skal standpunkt setjast i alle fag på vg3 og perioden som kjem no påverkar sluttvurderinga. Hald fram med ansvaret de tek for situasjonen no, og eg trur det vil ende godt. Det er viktig at de deltek i vurderingssituasjonane.

Brynerussen: Det er heilt fantastisk å sjå kor gode rollemodellar de er i samfunnet i dag. Russetida, som de har spart til og førebudd lenge, vert ikkje slik de håpa. De viser likevel forståing for situasjonen. Det står respekt av måten de etterlever det på. I same periode samlar de inn over 500 000 til kreftaksjonen per dags dato, og fristen er enda ikkje gått ut. Eg er både stolt og audmjuk av å vere rektoren dykkar.

Eg håpar sterkt at me vil vere i ordinært gjenge att 13.april. Det betyr at me i skrivande stund skal motivere oss og halde fram med dugnaden og ansvaret me te desse dagane i 7 skuledagar til. Me har lagt 9 skuledagar bak oss sidan skulane stengde.

Gode folk! Eg saknar dykk, heiar på dykk og er utruleg takksam for korleis både tilsette og elevar har løyst situasjonen.

Beste helsing rektor

 

Tysdag 17. mars:

Hei alle dyktige elever og lærere. Noen har utfordringer i itslearning i dag også. Det vil bedres dag for dag, da kapasiteten oppjusteres hos leverandør av itslearning og Microsoft. Vi viser forståelse for at ikke alle får levert innen tiden. Send det senere i dag om du ikke får det til nå. Håper ellers alle har det bra etter forholdene.

Beste hilsen rektor 

 

Måndag 16. mars:

Its learning teams er tregt. De får ikkje merknad i dag om de ikkje får til å sende i Itslearning. IKT-avdelinga på fylket og itslearning arbeider med kapasiteten. Me sender ny melding i morgon dersom problemet ikkje er løyst. Men, hald fram med arbeidet de skal levere og så leverer de inn straks ut-systema fungerer.

Rektor

 

Lørdag 14. mars:

Bryne vgs. avklarer smitteverntiltak for elever og ansatte som skal være på skolen med smittevernlegen i Time.

Videre opprettholder vi telefonisk /digital kontakt mellom skolehelsetjenesten og elever som har eller får behov for det i tiden fremover. Det gjelder både yrkesrådgivning og sosialpsykologisk rådgivning.

Hilsen rektor

 

Fredag 13. mars:

Reglar i Koronatid: Alle elevar må møte til undervisning digitalt ihht timeplanen. Me ventar på skriv om fråvær, men alle elevar har ansvar for å levere inn arbeid slik at de kan bli vurdert til sommaren. De må sjekke Its-learning, skulens nettside og mail kvar dag. I timane du har eit fag, er lærar tilgjengeleg og kan svare. Ein eller to lærarar er kalla inn på sjukehuset som biologar. Dei gjer eigne avtalar med dykk. Skulen er ikkje open for elevar. Dei som ikkje har henta bøker, må sende mail til avdelingsleiar og avtale å hente bøker som vert sett ut på avtalt tidspunkt måndag. Elevar og lærarar som kjem frå utlandet, skal i karantene. Sjekk Folkehelseinstituttet og skulens nettside dagleg. Om du slit med vanskeleg privatliv, ta kontakt og du kan få møte skulens hjelpepersonell på telefon.

Rektor 

Til toppen