Klassemiljøtur

Alle elevar i VG1 ved Bryne vidaregåande skule skal i år delta på eit todagars opplegg med overnatting.

Målet er å skape eit godt klassemiljø kor kjennskap til kvarandre og det å bli trygg i gruppa står sentralt.

Alle elevar som skal gå på vg1 dette skuleåret skal vere med på eit opplegg me har kalla for klassemiljøtur. Målet med ekskursjonen og aktivitetane her er å skapa eit godt klassemiljø der kjennskap til kvarandre og tryggleik i gruppa står sentralt. Elevane startar på ein ny skule, kjem frå ulike plassar og det er nok ein del som ikkje kjenner dei som dei kjem i klasse med. Somme er nok ganske nervøse for heile skulestarten.

Skulen erfarer at det er mykje å tene på å trygge elevane i starten – dette legg grunnlaget for betre kommunikasjon og samhandling med gruppa og høgare trivsel. Dersom miljøet er positivt og inkluderande vil dette og vere eit godt utgangspunkt for læring og aktive klasserom. Viktige verdiar for skulen er likeverd, lærelyst og samhold og me meiner klassemiljøturen støttar desse.    

Før turen vert det informasjonsmøte for alle klassane og kontaktlærarane. Der får ein og treffa koordinatorane Hans Utistog og Tone Gjøse som har ansvar for gruppene under turen. Me samlar inn informasjon om elevgruppene via kontaktlærarane for å få oversikt over eventuelle sjukdommar, allergiar og andre relevante opplysningar koordinatorane treng å kjenne til.

Opplegget og overnattinga er lagt til Holmavatn. Elevane får busstransport frå skulen og blir møtt av koordinatorane når dei kjem. I løpet av dagen vert det lagt opp til ei rekkje aktivitetar utandørs med vekt på samarbeid, kommunikasjon, leik og meistring. Overnattinga vert innandørs på fleirmannsrom.

Dag to startar med felles frukost inne, før me avsluttar opplegget med fleire aktivitetar og oppsummering av turen. Elevane vert henta med buss og køyrde tilbake til Bryne der dei skal gjennomføra eit læringsoppdrag.

Kontaktlærarane for vg1 informerer elevane første skuledag om at dei skal delta på klassemiljøtur, og minner dei om dei oppsette informasjonsmøta.  

Klassemiljøtur 2026

Klassemiljøtur 2026
Tidspunkt for turInformasjonsmøter
24.-25. aug: 1BAA og 1BABOnsdag 19. august klokka 09:00 A1040
25.-26. aug: 1BAC og 1BADOnsdag 19. august klokka 09:00 A1040
26.-27. aug: 1BAE og 1BAFOnsdag 19. august klokka 09:00 A1040
27.-28. aug: 1HOA og 1HOBOnsdag 19. august klokka 10:00 A1040
31.-01. aug/sep: 1HOC og 1HODOnsdag 19. august klokka 10:00 A1040
01.-02. sep: 1HOE og 1HOFOnsdag 19. august klokka 10:00 A1040
02.-03. sep: 1HOG og 1HOHOnsdag 19. august klokka 12:00 A1040
14.-15. sep: 1SRA, 1SRB og 1SRCOnsdag 19. august klokka 12:00 A1040
15.-16. sep: 1RMA og 1RMBOnsdag 19. august klokka 13:00 A1040
16.-17. sep: 1TIFA og 1TIFB  Onsdag 19. august klokka 13:00 A1040
17.-18. sep: 1TIFC og 1TIFDOnsdag 19. august klokka 13:00 A1040
21.-22. sep: 1TIFE og 1TIFF  Torsdag 20. august klokka 09:00 A1040
22.-23. sep: 1TIFG og 1TIFHTorsdag 20. august klokka 09:00 A1040
23.-24. sep: 1TIFI og 1TIFJTorsdag 20. august klokka 09:00 A1040
24.-25. sep: 1TIFKTorsdag 20. august klokka 10:00 A1040
28.-29. sep: 1STATorsdag 20. august klokka 10:00 A1040
29.-30. sep: 1STBTorsdag 20. august klokka 10:00 A1040
30.-01. sep/okt:  1STCTorsdag 20. august klokka 10:00 A1040
01.-02. okt:  1STDTorsdag 20. august klokka 12:00 A1040
12.-13. okt:  1STETorsdag 20. august klokka 12:00 A1040
13.-14. okt:  1STFTorsdag 20. august klokka 12:00 A1040