Nye rutinar for dokumentasjon av eige fråvær

Som elev kan du dokumentere eige fråvær på to måtar, anten før du skal vera vekke eller etter at du har vore vekke frå skulen. Begge deler skal gjerast i VIS.

Du kan registrere fråvær i forkant dersom du veit kva datoar fråværet ditt skal finne stad. Du kan også registrere fråværet i etterkant dersom fråværet ikkje var planlagt, eller dersom du mottek dokumentasjon (legeattest eller anna) i etterkant. 

Slik dokumenterer du eige fråvær i VIS (PDF, 806 kB)