Opning 27.april

27.april opnar skulen for verkstadfaga på vg2 og dei på vg3 som skal i lære. Det vil seie at elevar på RM, TIP og Bygg får skuletilbod i verkstadfaga/praktiske fag.

Alle elevar som er ute i praksis møter til undervisning i YFF som vanleg.

Fellesfaga går via nett fordi lærarane på fellesfag også har andre klassar som ikkje skal på skulen, som skal ha undervising desse dagane. Lærarane kan ikkje veksle mellom å reise til skulen og undervise heimefrå, og sidan me skal sørge for at færrast mogleg er på skulen, er ordninga slik.

Dette er ei ordning som gjeld alle vidaregåande skular. Elevane får gjennomgang av smitteverntiltak når dei kjem på skulen. Me klarer å innfri alle smitteverntiltaka Udir og FHI har lagt ut. Kantina vil selje porsjonspakka mat.

Her er smittevernreglar for elevar. (DOCX, 27 kB)

Somme klassar har praksis, andre har andre aktivitetar utføre skulen sitt område i sine praktiske fag. Du må difor halde deg til info frå lærar om kvar og når du skal møte. Ta kontakt med lærar eller avdelingsleiar dersom du har spørsmål.

Me gler oss til å sjå dykk att.

Med beste helsing rektor