Klage på lærar

Viss ein elev eller ein klasse vil klage på ein lærar eller andre tilsette si opplæring, service, eller måte å vere på, skal prosedyren nedføre følgast:


 

Tillitseleven i klassen skal fremje klagen frå gruppa eller klassen.

Klage på lærar
Prosedyre Framgangsmåte Ansvar Tidsfrist
Punkt 1 Eleven/elevane tar opp forholdet/problemet med gjeldande lærer/tilsett for avklaring. Dersom klagen blir formidla til kollega av læraren det vert klaga på, skal denne kollegaen henvise til punkt 1 i denne rutinen. Elev – eventuelt tillitselev på vegne av klasse eller eleven
Punkt 2 Dersom det ikkje kjem til avklaring i punkt 1, skal det leverast skriftleg klage til avdelingsleiar. Avdelingsleiar registrerer klagen i e-arkiv og orienterer rektor skriftleg. Tillitselev i klassen
Punkt 3 Avdelingsleiar kaller partane inn til møte. Partane får automatisk tilbod om støtte av tillitsvald eller andre. Avdelingsleiar med personalansvar Innan ei veke etter at klagen vart fremja
Punkt 4 Dersom klagen ikkje kjem til løysing: Leiaren som behandler saka vidaresender klagen med saksdokument til rektor. Avdelingsleiar med personalansvar Med ein gong
Punkt 5 Rektor kaller inn til møte med partane for behandling av klagen. Det vert automatisk gitt tilbod om at partene kan la seg støtte av tillitsvald. Rektor vurderer om partene vert kalla inn til møte kvar for seg eller samla. Rektor har med sekretær i møtet. Det vert skrive referat frå møtet. Det vert ikkje gitt høve til å korrigere sjølve referatet, men kommentarer kan leggjast ved referatet. Rektor Innan ei veke etter at rektor fekk klagen

Meir detaljert oversikt over korleis klagen vert behandla finn du her (DOCX, 30 kB)