Lesegruppe

Me inviterer elevar til lesegrupper etter modellen Shared Reading.

Shared Reading er ein form for litterær samtale med grupper på rundt 6-15 deltakarar.

Elevane skal ikkje førebu seg ved å lesa tekstar på førehand, det er eit poeng at dei møter tekstane for første gong i gruppa. Tekstane blir lesne høgt av bibliotekaren som stopper opp i teksten, stiller spørsmål og opnar opp for samtale. Ingen treng å seie noko, men samstundes skal terskelen vera så låg at alle skal kunne ha noko å bidra med. Det skal ikkje vera noko fagleg analyse eller tolking, og bibliotekar kjem ikkje med noko forklaring eller fasit til korleis ein bør forstå teksten.

Elevane får utdelt teksten, men kan velje om dei vil lese sjølv eller berre lytte til høgtlesinga.

I desse lesegruppene blir det servert saft/kaffi/kjeks  til elevane for å lage ei koseleg ramme rundt samtalen.

Me kan ha to grupper om gongen med maks 15 elevar i kvar gruppe.

Ei slik lesegruppe varer i 45 minutt.