Bygg- og anleggsteknikkDette utdanningsprogrammet passer for deg som ønskjer ei fagutdanning i eit av faga innafor bygg- og anleggsteknikk. Det kan vere tømrar, murar, stillasarbeidar, betongarbeidar, røyrleggjar, malar, feiar eller blikkenslagar.Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?Du lærerproduksjon og oppføring av nye bygningar og anleggombygging og vedlikehald av bygningar og anleggom klima og teknologiom bruk av teikningar, skildringar og utrekningarom kvalitet og tryggleikmaterialkunnskapDu bør verepraktisk og ha godt handlagsjølvstendig og nøyaktiggod til å samarbeideLes meir om bygg og anleggsteknikk på vilbli.no Kvifor velje Bryne vidaregåande skule?Vi har engasjerte og dyktige lærarar, som legg vekt på å gi elevane ei opplæring og ein arbeidsmoral som arbeidslivet på Jæren set pris på.Vi har eit svært breitt fagtilbod.Vi tilbyr opplæring i godt utstyrde, topp moderne verkstader.Vi har tett samarbeid med næringa rundt oss. PC: For utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk tilrår me modellen Asus expertbook B1403CVA med i3 prosessor. Denne kan kjøpast gjennom fylkeskommunen si PC-ordning: PC-ordninga Søkje skule- og læreplassFørste året - Vg1Utdanninga til dei fleste yrka tek normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheita til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga. Fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg1FellesfagTimar per vekeNaturfag2Matematikk3Engelsk5Kroppsøving2Totalt12 Programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg1ProgramfagTimar per vekeArbeidsmiljø og produksjon5Teknologi og kommunikasjon5Yrkesutøvelse7Yrkesfagleg fordjuping6Totalt23 Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Andre året - Vg2Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på de utdanningsprogammet du har valt. Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga. Fellesfag, bygg- og anleggsteknikk Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 skuleåret 2021/22Fag- og timefordeling, fellesfag bygg- og anleggsteknikk Vg2 skuleåret 2021/22FellesfagTimar per vekeSamfunnsfag3Norsk4Kroppsøving2Totalt9 Programfag, bygg- og anleggsteknikk Vg2 Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg2Fag- og timefordeling, programfag bygg- og anleggsteknikk Vg2ProgramfagTimar per vekeFelles programfag for programområdet du har valt17Yrkesfagleg fordjuping9Totalt26 Du kan velje mellom desse programområda: Betong og mur Røyrleggjar Tømrar Du finn meir informasjon om tilbodet på vilbli-sida til skulen. Tredje året - Vg3Du blir normalt lærling og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og du kan ta fag- og svennebrev når du er ferdig med læretida.Bli lærlingDu har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.Vegen vidareOpplæringen fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Når du har fullført, kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning. Sist endra 25.07.2025 11.46