Kjemi 1 og 2

Du kan velje Kjemi 1 og 2 som programfag på Bryne.

Kvifor velje kjemi 1 og 2?

Kjemi handlar om korleis stoff og materiale er bygd opp. Faget skal gi deg grunnlag for å kunne forstå vår fysiske verd og gje deg innsikt i korleis kompetanse i kjemi bidreg til endringar i samfunnet. Kjemifaget skal gi innsikt i korleis naturvitskapleg kompetanse og utforskande arbeid kan bidra til å finne løysningar og førebu deg på studiar og arbeidsliv. 

I programfaget kjemi skal du lære å forklare og forstå eigenskapar, oppbyging og reaksjoner, og ikkje minst lære det kjemiske teiknspråket samt å kunne gjere berekningar. Kjemi er først og fremst eit eksperimentelt fag. I kjemitimane på vidaregåande skule gjer vi mange spennande og interessante forsøk som underbygger og hjelper oss til å forklare teoristoffet.

Kva lærer du i Kjemi 1 og 2?

Kjemifaget gir deg fagleg bakgrunn til å forstå korleis stoff oppfører seg under ulike forhold, og kva betydning kjemien har i produksjon (kjemisk industri), i ernæring, helsevesen, i miljø- og forureiningsproblematikk og andre område som har med kvardagen vår å gjera. Gjennom det praktiske laboratoriearbeidet vil du lære å handsame kjemikaliar på ein forsvarleg måte som tar omsyn til den enkelte si helse og til miljøet rundt. Kunnskapar i kjemi kan dessuten bidra til ei utvida forståing av andre fag som biologi, fysikk, samfunnskunnskap og geografi.

Realfagspoeng

Kjemi 1: gjev 0,5 realfagspoeng.
Kjemi 2: gjev 0,5 realfagspoeng.

Standpunktvurdering

Kjemi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kjemi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen

Kjemi 1: Eleven kan trekkast ut til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Kjemi 2: Eleven kan trekkast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.  Munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.