Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkinga

 

I løpet av veke 12, 13 og 14 blir alle elevar ved Bryne vgs. inviterte til å delta på Utdanningsdirektoratet si brukarundersøking.

Kva er føremålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).

Les meir om Elevundersøkinga her (DOCX, 70 kB)