Lansering av nettutstilling på Bryne vgs

Tysdag 26.januar fekk Bryne vgs besøk av Nynorsk kultursentrum som presenterte nettutstillinga Rekvisittar for eit liv. Utstillinga viser fram 20 ting som Ivar Aasen eigde. Forfattaren Selma Lønning Aarø presenterte sin eigen tekst knytta til utstillinga.

-          Da Ivar Aasen døydde, eigde han 225 ting. Det er vel ikkje så mykje i forhold til det vi eig i dag.

 

Kjersti Markegård Bae har kome frå Aasentunet i Ørsta på Sunnmøre for å lansere utstillinga Rekvisittar for eit liv på Bryne vgs. Utstillinga tek utgangspunkt i 20 av dei gjenstandane som Aasen eigde. Alle gjenstandane etter Aasen blei fotograferte, og så sende Aasensenteret ut 20 av bileta til ulike norske forfattarar. Dei har skrive tekstar til bileta. Både bileta og tekstane er tilgjengelege i nettutstillinga. I tillegg til tekstane er det også oppgåver til stoffet som er berekna for skuleelevar. Dette kan ein som bakgrunnsstoff både i norskfaget og i andre skulefag.  

 

Målgruppa for utstillinga er skuleelevar, og dei som først får sjå utstillinga under lanseringa, er klasse 3PÅA med norsklærar Leif Harboe i spissen. Dei fekk også med seg teksten til forfattaren som kom på besøk, Selma Lønning Aarø. Ho er ein av dei forfattarane som har skrive noko til eit av bileta. Ho fekk pipa, og det er ho nøgd med, men ho har samtidig eit litt ambivalent forhold til piper.

 

-          Då eg vaks opp, fekk eg lære at røyking og alkohol var svært farleg og at folk døydde av det. Eg var difor svært engsteleg for far til Albert Åberg, for han røykte pipe. Korleis skulle det gå med Albert når faren døydde av piperøykinga?

 

Teksten til Lønning Aarø tek opp bilete og lærdom frå barndommen. Mykje var farleg. Ho kjem også inn på pipa til René Magritte, som visst ikkje var ei pipe?

 

Markegård Bae seier dei har vald Rogaland og Bryne som lanseringsplass fordi dei ønskjer å være nasjonale i det dei driv med. Dei er svært positive til å fortsetje denne kulturutvekslinga framover.

 

Etter lansering og forfattarpresentasjon, får elevane både t-skjorte med bilete av  Aasen si pipe og jakkemerke med bilete av fleire av dei ulike gjenstandane. På t-skjorta er visst pipa ei pipe, for der står det at Ceci est la pipe d´Ivar Aasen (”Dette er Ivar Aasen si pipe ”). Så veit vi det.

Nettutstillinga finn du her: www.aasentunet.no/rekvisittar


Aasentunet har laga ein omtale av hendinga på si eigen heimeside: http://www.aasentunet.no/default.asp?id=10405&menu=16 

http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1