Bloggar i Pluss

Tonje Madsen bloggar for Aftenbladet kvar fredag, og det er det mange som ikkje likar.
-Ikkje alle skjønar ironien, og mange blir irriterte over synspunkta mine. Men eg er ikkje redd for å bruke meg sjølv. Akkurat det verkar nok ganske provoserande.

 


Det heile starta med at Tonje hadde litt god tid på jobb ein dag. Ho leste i avisa, og der snappa ho opp at redaktøren i Aftenbladet ønska seg fleire unge lesarar, og at dei difor ville la ungdommar skrive i bladet. Mail blei sendt til redaktøren, og ho fekk til svar at dei ønskte seg noko ”bloggaktig”, sidan det tydelegvis er noko som ungdommen likar.
 
-         Eg hadde aldri blogga før, men eg har lese ganske mykje, og eg har venninner som har eigne bloggar. Det er blitt eit populært medium. Det passar godt for å dele tankane sine med fleire enn dei som ein er vener med på Facebook.
 
Tonje likar å bruke av seg sjølv, men ho er samtidig medviten om at ho ikkje skriv sjølvbiografisk.
 
-         Kva er det folk reagerer sterkast på?
 
-         Nokre synst vel det blir litt mykje alkohol og annan galenskap. Eg meiner vel at eg skildrar moderate forhold ut frå det ungdommar held på med. Eg skriv på ein måte på vegne av ungdommar generelt, samtidig som eg bruker av mine eigne erfaringar.
 
Enkelte lesarar meiner at Tonje skriv om altfor overflatiske emne. Sjølv meiner ho det er heilt greit, for det speglar mykje av det ungdommen er opptekne av, og det er heller ikkje ein intensjon med bloggen å skrive om det alvorlege og politisk korrekte.
 
-         Sist skreiv eg om klima og overvekt. Det skulle vise seg å bli ein upopulær kombinasjon for fleire. Eg fekk kjeft for å vere overflatisk i forhold til klimaspørsmålet. Eg skreiv også om nyttårsforsett tidlegare, og då var det fleire som reagerte på at eg spøkte med anoreksi og kobla det til slanking i teksten. Eg meinte berre å ramme dei som er hysterisk opptekne av slanking, men så er det det med ironi, då… Kanskje kan eg ”lure” nokon til å tenkje meir alvorlig over det eg skriv om, sjølv om vinklinga mi er humoristisk, men det skal jo være underhaldning også.
 
-         Blir du lett provosert sjølv?
 
-         Nei, det skal mykje til for å provosere meg.
 
-         Les du mange avisar og blad for å halde deg oppdatert og få gode idéar til skrivinga?
 
-         Nei, eg les ikkje direkte for å finne inspirasjonen til bloggen. Det er eit poeng at den skal handle om noko som er nære emne for unge folk, noko dei kan kjenne seg igjen i.
 
Til no har ho ikkje opplevd å bli sensurert, men ho har lagt merke til at det ikkje er alle innlegga hennar som har blitt lagt ut på Aftenblad-bloggen, kva nå det kan tyde. Om ein ser på dei kommentarane lesarane legg igjen i bloggen, er det i alle fall tydeleg at mange set pris på den unge og uredde bloggaren.
 
-         Kva gjer du etter vidaregåande, Tonje?
 
-         Det er fristande med journalistikk, men først vil eg litt ut i verda og se meg om litt. Lære noko nytt. Eg er også nysgjerrig på fag som jus, sosiologi og andre språk- og samfunnsfag. Eg ser for meg at dei er gode å kombinere med skriving. Og eg vil fortsetje skrivinga for å skaffe meg praksis.
 
Ho blir både ivrig og tankefull når vi kjem inn på alle vala ho har framfor seg. Og så streifar kanskje tankane inn på det neste blogginnlegget? Ho snakkar om idéar som kjem – og kanskje nokre som burde kome tidsnok til at ho kan nå deadline.
 
-         Akkurat no har eg inga aning om kva det neste blogginnlegget skal handle om, men plutseleg dukkar det opp ein idé. Det er litt skummelt å ikkje kunne styre det heilt, men eg er ein person som arbeider godt under press.
 
Ho har strenge fristar og folk i redaksjonen som tek vare på den unge skribenten. Det er travelt å være ung. Tonje er aktiv volleyballspelar og engasjert i mykje anna. Russetida er også noko å engasjere seg i siste året på vidaregåande.
 
Medan ho travlar seg vidare, får vi følgje dei friske innlegga hennar. Om du vil lese blogginnlegga til Tonje, om du vil lese dei om igjen eller om du vart i humør til å bli provosert av ein tenåring med skrivekløe - her er bloggen hennar: www.aftenbladet.no/blogg/tonjebloggen/

 
http://www.bryne.vgs.no UA-15183585-1