Josefine Mad & Tipp skal drive kantina på Bryne vgs etter vinterferien.
Elevrådet fekk vere med på å prøve ut dei to aktuelle kandidatane til kantinedriften, og dei blei overbeviste om at dei hyggelege damene på Josefine Mad & Tipp ville gje dei eit godt tilbod i kantina.
- Me ønskjer å involvere elevane i avgjerda, og håpar at dette kan være ein god måte i gjere det på.
I samband med omlegginga av kantinedrifta vil det også blir tilbud om frukostservering frå 07:15-08:00,
seier avdelingsleiar Ole-Bjørn Daltveit.
Bente Årsland og May Ellen Birkeland i Josefine Mad&Tipp seier dei vil satse på eit stort utval av brødvarer, salatar og varme rettar. Dei vil også tilby betaling gjennom kortterminal, noko som passar både elevar og ansatte på skulen godt.