Tirsdag var det etterlengta nyopning av kantina på Bryne vgs. Utsalet har blitt utvida og fornya, og utvalet skal være betre enn nokon gong.
May Ellen Birkeland og Bente Årsland er svært nøgde med intressen allereie første dagen, og dei håpar at dette er ein peikepinn på interessen framover også.
Opningstidene er utvida, og nå kan ein få med seg frukost mellom 07:15 og 08:00. Til frukost kan ein kjøpe ulike påsmurte varer, men dei kan også tilby havregrøt og havresuppe til frukost.
- Havregrøt og havresuppe er svært næringsrikt, og elevane får ein god start på dagen om dei et dette til frukost. Det er mettande og det varer ei god stund utover dagen. Det må jo være positivt for skuleprestasjonane, seier Bente Årsland.
Ein nyhet er også at du kan få betale med bankkort i kantina. Så få me håpe at alle blir nøgde med det nye tilbodet.