Velkommen som elev!

Bryne vidaregåande skule

Kjære Bryne-elev!


Varmt velkomen til Bryne vidaregåande skule. Me er svært takksame for at du har valt å ta utdanninga di hjå oss og me skal gjere vårt beste for at du skal trivast og læra mykje om både fag og livet elles.

Det er viktig for oss å bli godt kjend med deg og difor bed me om at du førebur deg godt til startsamtalen du skal ha med kontaktlærar første veka. Der kan du ta opp saker som er viktige for deg at me veit.

Alle elevar vil også få tilsendt eit forms-skjema digitalt, der de kan krysse av for friminuttsaktivitetar de har lyst å vere med på. Me skal tilby sjakk, strikking/handarbeid, brettspel, makerspace/FIFA, gitarklubb, lesesirkel bøker, teikneserie-klubb, bordtennis, og er også opne for ønske de måtte ha.

Eg ynskjer deg ein fin ferie og gler meg til å ønske deg og dine medelevar velkomen 17.august.

Mbh rektor

Her finn du litt praktisk informasjon og lenker som kan vere nyttige i oppstarten:

Bryne vidaregåande er ein av dei største skulane i landet, med omlag 1600 elevar og 350 tilsette. Her finn du meir informasjon om skulen.

Undervisninga føregår i fem ulike bygg. Her er oversikten over dei ulike bygga

Første skuledag dette skuleåret er måndag 17. august. Av omsyn til smittevernet, blir oppmøtet i klasserom. Her er planen for når og kor dei ulike klassane skal møte (XLSX, 13 kB).

Når du er elev hos oss, treng du din eigen datamaskin. Vi tilbyr støtte til kjøp av PC eller mac gjennom PC-ordninga

Som elev har du rett til å låne lærebøkene du treng gratis. Før du skal låne bøker, fyller du ut og signerer eit avtaleskjema (DOCX, 46 kB). Viss du er under 18 år, treng me at foreldre/føresette skriv under. Her kan du lese meir om lærebokordninga.