Skulen i dag

Bryne vidaregåande skule

 

 

Bryne vidaregåande er ein av dei største skulane i landet, med omlag 2200 elevar (inkl. Vaksenopplæringa) og 320 tilsette.

I 2014 vart Bryne vidaregåande skule slått saman med Time vidaregåande skule, til Bryne vidaregåande skule. Året etter, til skulestart i 2015, flytta skulen inn i nye lokale sentralt på Bryne.

På skulen finn du programområda Arbeidstrening, Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Idrettsfag, Innføringsklassar,  Kvardagslivstrening, Påbyggsklassar, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering og Teknologi og industrifag, i tillegg til Vaksenopplæring og Fengselsundervisning.

Skulen sin visjon er Saman skaper me framtida. Verdiane Likeverd, Lærelyst og Samhald utdjuper denne visjonen.

Til toppen