Det er viktig for oss å bli godt kjend med deg og difor bed me om at du førebur deg godt til startsamtalen du skal ha med kontaktlærar første veka. Der kan du ta opp saker som er viktige for deg at me veit.
Eg ynskjer deg ein fin ferie og gler meg til å ønske deg og dine medelevar velkomen 16.august.
Mbh rektor
Her finn du litt praktisk informasjon og lenker som kan vere nyttige i oppstarten:
Bryne vidaregåande er ein av dei største skulane i landet, med omlag 1600 elevar og 350 tilsette. Her finn du meir informasjon om skulen.
Undervisninga føregår i fem ulike bygg. Her er oversikten over dei ulike bygga
Første skuledag dette skuleåret er onsdag 17. august. Plan for kor og når dei ulike klassane skal møte kjem når det nærmer seg skulestart.
Når du er elev hos oss, treng du din eigen datamaskin. Vi tilbyr støtte til kjøp av PC eller mac gjennom PC-ordninga
Som elev har du rett til å låne lærebøkene du treng gratis. Før du skal låne bøker, fyller du ut og signerer eit avtaleskjema (DOCX, 46 kB). Viss du er under 18 år, treng me at foreldre/føresette skriv under. Her kan du lese meir om lærebokordninga.