Velkommen som elev!

Varmt velkommen til Bryne vidaregåande skule! Me er svært takksame for at du har valt å ta utdanninga di hjå oss, og me skal gjere vårt beste for at du skal trivast og læra mykje om både fag og livet elles.

Reed foto

Her finn du litt praktisk informasjon og lenker som kan vere nyttige i oppstarten:

Bryne vidaregåande skule er ein av dei største skulane i landet, med omlag 2200 elevar og 350 tilsette. Her finn du meir informasjon om skulen.

Undervisninga føregår i seks ulike bygg. Her er oversikten over dei ulike bygga. I første etasje av a-bygget ligg hovudkantina vår. Her er det mykje god mat til rimelege prisar, og gratis havregraut frå kl 07.30-08.15 kvar dag. 

Første skuledag dette skuleåret er måndag 19. august. Du vil få SMS om kva for eit rom du skal møte i, og planen som syner kor dei ulike klassane skal møte finn du her. (DOCX, 24 kB)

Skuleruta for skuleåret 2024/25 finn du her.  Viss du startar på vg1 vil du og resten av klassen reise på klassemiljøtur i løpet av hausten. 

Når du er elev hos oss, treng du din eigen datamaskin. Me tilbyr støtte til kjøp av PC eller mac gjennom PC-ordninga.  På skulen har du tilgang til brukarhjelp. IKT har kontor i 2. etasje av a-bygget. 

Som elev har du rett til å låne lærebøkene du treng gratis. Før du skal låne bøker, fyller du ut og signerer eit avtaleskjema (DOCX, 46 kB). Viss du er under 18 år, treng me at foreldre/føresette skriv under. Her kan du lese meir om lærebokordninga.

Informasjonen på skulen held til i 2. etasje av a-bygget. Her kan du mellom anna få hjelp med Lånekassen, skuleskyss, heiskort og ulike søknadar.  Alle elevar med ungdomsrett, kan få utstyrsstipend frå Lånekassen. Les meir om dette her

Skulen har god sykkelparkering, og plass til moped og motorsyklar for elevar. Me har ikkje parkeringsplass for 4-hjulingar, det vil seie ATV/UTV, mopedbil, traktor eller bil for elevar.  Les meir om parkering for elevar.

Er det elles noko du lurar på, så kan du gjerne kontakte leiargruppa ved skulen.